Gå til sidens hovedinnhold

Hjelmeland Bonde- og Småbrukarlag: Me har ingen fleire bønder å mista

Bonde- og småbrukarlaget I Hjelmeland oppfordrar bøndene til å organisera seg for å sørgja for eit betre utfall av jordbruksoppgjeret.

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Hjelmeland Bonde- og Småbrukarlag har halde årsmøte måndag 22. februar.

Dei frammøtte, 10 i talet, fekk eit innhaldsrikt og inspirerande foredrag av Kristofer Tveiterå, fagkonsulent for skogbruket i Hjelmeland. Han viste, mellom anna, til kor viktig det er med utarbeiding av skjøtselsplanar, og at uttak/hogst av skog alltid må fylgjast opp med nyplanting for å oppretthalda ei berekraftig skognæring.

Skogpleie er også eit viktig klimatiltak. Det er gode økonomiske støtteordningar som ein kan nytta seg av. Jordbruket i Hjelmeland er stort og mangfaldig. Dei siste åra er det m.a. satsa mykje på fruktdyrking.

Siste utgåve av Bondeposten frå Hjelmeland kommune, gjev god informasjon om ulike tiltak og støtteordningar.

Styret i Hjelmeland Bond- og Småbrukarlag er:

Egil Ulvestad, leiar. Eivind Lodén, nestleiar. Lena Sofie Time Lundberg, kasserar. Hans-Lennart Jensen, sekretær. Terje Viken, studieleiar. Rasmus Stokkeland og Trond Melberg er vara.

Det nærmar seg forhandlingar med staten om jordbruksoppgjeret for 2021. Sterke jordbruksorganisasjonar er viktig for utfallet av forhandlingane.

Me har ingen fleire bønder å mista. Er du ikkje medlem av ein av jordbruksorganisasjonane med forhandlingsrett, er det god plass til deg i Hjelmeland Bond- og Småbrukarlag.

Les også

Frida (10) frå Hetlandsbygda har to hobbyar: – Fjos er kjekkare enn fotball

Les også

Rolf Magne (41) var klar til å slakte flere kuer i fjor vår. Så snudde trenden for melkebøndene

Les også

Bondelagsleder Reinert Idsø: – Jeg hadde håpet å få bedre betalt for jordbruksproduktene

Kommentarer til denne saken