Hjelmeland forlengar lokale karantenetiltak i inntil ei veke

DIGITAL ELDDÅP: Formannskapet i Hjelmeland gjekk inn for å halda på dei lokale koronatiltaka på onsdag. Det digitale møtet fungerte veldig greitt med dei ni formannskapsmedlemane. Neste fredag blir det digitalt møte med 19 representantar.

DIGITAL ELDDÅP: Formannskapet i Hjelmeland gjekk inn for å halda på dei lokale koronatiltaka på onsdag. Det digitale møtet fungerte veldig greitt med dei ni formannskapsmedlemane. Neste fredag blir det digitalt møte med 19 representantar. Foto:

Sjølv om formannskapet i Hjelmeland gjekk inn for å forlenga, gav dei samtidig kommuneoverlege Bjarte Sørensen og rådmannen fullmakt til å oppheva tiltaka tidlegare om dei meiner effekten blir for liten.

DEL

Bjarte Sørensen meinte sjølv at dei strenge, lokale reglane i Hjelmeland hadde hatt ein dempande effekt på smittespreiing dei første vekene etter utbrotet av Covid-19, men at effekten ikkje vil vera like stor i tida framover.

– Nå har me fått fleire nasjonale tiltak som hjelper, som til dømes forbod mot å reisa på hytta. Folk har også i større grad tilpassa seg situasjonen og slutta med reiser som ikkje er heilt nødvendige. Det gjer at me nærmar oss stadiet der effekten av våre tiltak ikkje er like stor lenger, sa Sørensen.

Han meinte likevel det var grunn til å halda på karantenereglane nokre dagar til.

– Nabokommunen Strand fekk i går sitt første påviste tilfelle av smitte utan kjend smitteveg. Det er ei ganske dramatisk endring, og me bør sjå an den situasjonen nokre dagar før me eventuelt avsluttar karantenereglane, meinte Sørensen.

Om det likevel viser seg at perioden med karantenetiltak bør forlengast, skal kommunestyret ta stilling til det når dei har digitalt møte neste fredag.

    Det var til ei kvar tid rundt 500 som følgde det digitale folkemøtet. Kommuneleiinga svara på spørsmål om smittevern, karantenereglar, hytteforbod og mange ande ting i ein snau time. Du kan også sjå kommunen sin video frå møtet på Hjelmeland kommune si Facebook-side.


    Samla støtte

    Heile formannskapet slutta seg til det, sjølv om Johannes Soppeland (KrF) eigentleg meinte tida var inne til at også Hjelmeland følgde dei nasjonale retningslinene.

    – Eg kan leva med forslaget, og meiner det er viktig at me som politikarar står samla bak vedtaka, men eg oppfordrar kommuneoverlegen og rådmannen til å oppheva dei lokale reglane straks dei finn det forsvarleg, sa Soppeland.

    Bjarte Sørensen sa også at presset frå overordna styremakter om å oppheva lokale tiltak ikkje var like sterkt lenger. Han er usamd i vurderingar som seier at viruset truleg er like utbreidd i kommunar utan påviste tilfelle som elles i landet.

    – Det finst nok smitte blant folk i Hjelmeland sjølv om me ikkje har påvist konkrete tilfelle, men alt tyder på at det er langt færre, meinte Sørensen.

    Kolbjørn Pedersen (H) var bekymra over unntaksregelen i hytteforbodet, som seier at folk kan opphalda seg på hytta om dei har personar som er i karantene i sin eigen husstand.

    – Det betyr at ei gruppe med særleg høg smitterisiko kan bruka hyttene. Hjelmeland bør bli med på oppropet mot unntaksregelen, sa Pedersen.


    Liker ikkje hytteunntak

    Bjarte Sørensen syntest heller ikkje unntaksregelen var nokon god idé.

    – Dessutan er det veldig vanskeleg å handheva. Regjeringa har sagt at handhevinga av hytteforbod ikkje er ei prioritert oppgåve for politiet, og eg ser ikkje for meg at me skal gå rundt og banka på og spørja folk om dei har folk med smitte i husstanden sin, sa Sørensen.

    Han understreka at helsevesenet i Hjelmeland og Ryfylke var skjørt.

    – Om me tek imot ein pasient som viser seg å vera smitta av koronavirus på legevaktkontoret på ambulansebåten, risikerer me at eit heilt skift med lege og ambulansepersonell blir sett i karantene, illustrerte han.

    Artikkeltags