Hjelmeland held fram med karantenereglane

ENDRAR IKKJE PÅ REGLANE: Kommuneoverlege i Hjelmeland, Bjarte Sørensen, endrar ikkje på dei strenge karantenereglane.

ENDRAR IKKJE PÅ REGLANE: Kommuneoverlege i Hjelmeland, Bjarte Sørensen, endrar ikkje på dei strenge karantenereglane. Foto:

Kommuneoverlege i Hjelmeland, Bjarte Sørensen, endrar lite på karantenereglane for Hjelmeland kommune.

DEL

Sjølv om regjeringa har oppfordra kommunar til å ikkje laga lokale reglar, vel kommuneoverlegen å halda fram med vedtaket frå 15. mars. Skilnaden er at det nye vedtaket berre gjeld for ei veke eller fram til nytt vedtak.

– Dersom det skulle komme nasjonale vedtak som gjer at vårt lokale vedtak vert overflødig, vil eg snarleg gå inn for at me opphever det lokale vedtaket, seier Sørensen i ei pressemelding.

På onsdag skal formannskapet i Hjelmeland behandla ei sak om særlege karantenereglar.

Frå og med søndag klokka 21:00 gjeld følgjande vedtak:

  1. Alle som kjem til Hjelmeland kommune, som har vore utanfor kommunegrensa i områda nemnt i punkt 2, blir pålagt heimekarantene i 14 dagar etter at dei kjem heim.
  2. Vedtaket gjeld alle som har vore utanfor Rogaland med unnatak av Ullensvang kommune. Punkt ein gjeld også om du har vore i følgjande kommunar i Rogaland: Karmøy, Haugesund, Randaberg, Sola, Sandnes (unntatt gamle Forsand kommune), Stavanger (unntatt gamle Finnøy Kommune), Hå, Time og Gjesdal.
  3. Reisande med symptom skal umiddelbart i isolering og kan ikkje bruke offentleg transport.
  4. For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld myndigheitene sine gjeldande føringar for konvertering av karantene til isolasjon
  5. Transittopphald på lufthamn blir ikkje rekna som opphald i området.
  6. Medisinske naudsynte besøk til helseverksemder er ikkje omfatta av karantene reglane. Det same gjeld besøk til alvorleg sjuke familiemedlemmar og deltaking i gravferd.
  7. Naudsynte jobbrelaterte reiser er unnateke karantenereglane under føresetnad av at råda frå FHI når det gjeld avstand og hygiene vert følgd.
  8. Næringsverksemd som må gjennomførast for å unngå store konsekvensar av samfunns messing art kan gjennomførast om arbeidstakarar frå område som er nemnd under punkt 2 følgjer reglane om karantene så lenge dei er i Hjelmeland kommune, dette gjeld og på arbeidsplassen.
  9. Førar og personell av varer og passasjertransport er unnateke frå dette vedtaket sitt karantenekrav, men nasjonale føringar for karantene og isolasjon gjeld. Dette omfattar også personell som er naudsynt for å gjennomføre transporten.
  10. Leiinga av verksemder som er lista opp etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar blir gitt løyve til å gjere unntak for eiga nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å behalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar.
  11. Det er ikkje utreiseforbod.

Framleis i fase ein

I pressemeldinga peikar Sørensen på at Hjelmeland framleis ser ut til å vere i fase ein av epidemien, medan Nord-Jæren no ser ut til å vere i fase to med fleire smittetilfelle utan sporbar kjelde.

Per dato er det ikkje påvist smitte i Hjelmeland.

– Sjølv om ein ikkje kan seia at dei karantenereglane som vart innførde 15. mars har hatt stor betydning for smittespreiinga i kommunen, meiner me at det kan ha vore eit bidrag til å bremsa smittespreiing saman med alle dei andre tiltaka som har blitt innførde nasjonalt og lokalt med tanke på handhygiene, sosial distansering, digitalisering av kommunale møte, stengde skular og omsorgssenter og eigen klinikk for pasientar med luftvegssymptom, seier kommuneoverlegen.

Artikkeltags