– Rekneskapen viser eit netto driftsresultat på 27,7 millionar kroner. Etter at me har gjort dei pliktige avsetningane, har me eit mindreforbruk på 13 millionar kroner, opplyste Aspen.
Det betyr at driftsresultatet er på 7,8 prosent av driftsinntektene – noko som er mykje høgare enn målet på 3 prosent.
Dei tre føregåande åra har resultatet til Hjelmeland vore på 10,3 millionar for 2019, 29,9 millionar for 2018 og 16,5 millionar for 2017.
Eli Aspen mana likevel politikarane til å vera edruelege. Ho peika på at det var ein del spesielle omstende som førte til det positive resultatet.
– Me fekk 10,2 millionar kroner frå Havbruksfondet. Desse utbetalingane er så usikre at me ikkje tek dei med i budsjettet. Nå er systemet for dette fondet lagt om, så me kjem ikkje til å få store utbetalingar rekande på ei fjøl dei neste åra, minna ho kommunestyret på.

Hjelmeland går millionar i pluss – set av 500.000 kroner på nytt vedlikehaldsfond

Hjelmeland kommune gjekk 10,3 millionar kroner i pluss i 2019
– Me hadde dessutan budsjettert med å betala 5 millionar kroner som kommunalt bidrag til Helgøybrua på driftsbudsjettet i 2020, men den utbetalinga er utsett til i år, sa ho.
Ho ramsa opp fleire ting som påverka resultatet for 2020 i positiv retning, som utbetalingar av Nkom-midlar til fiberutbygging, refusjon av pensjonsinnbetalingar og ei frysing av innbetaling til Ryfylkefondet i påvente av ny selskapsavtale.
– Når det gjeld rein drift av einingane i kommunen, viser tala at me gjekk 3,6 millionar kroner i pluss. Det er ikkje meir enn det må vera, sa Aspen.
Kommentarer til denne saken