Hjelmeland kommune innfører rullerande barnehageopptak: – Eit fantastisk tilbod til barnefamiliar, seier kommunalsjef

Kommunestyret i Hjelmeland innførte ei ny ordning for barnehageopptak sist veke. Ordninga betyr at alle får barnehageplass i løpet av ein månad uansett kva tid på året dei søker om plass. – Er redd det kan bli dyrt, erkjenner ordføraren.