Hjelmeland kommune reagerer: Mange elevar kan bli ståande att langs vegen når skulane startar

Neste veke skal alle elevane starta på skulane att. Smittevernreglane gjer at Kolumbus berre får ta med seg omtrent halvparten så mange elevar som bussane har plass til. – Ikkje akseptabelt å la ungar stå igjen langs vegane, meiner kommunalsjefen for oppvekst i Hjelmeland, Sigrund Kleppa.