Hjelmeland opphever karantenereglane frå i morgon

KOMMUNEOVERLEGEN: Bjarte Sørensen vil framleis ikkje tilrå at folk utanfrå reiser på dagstur til Hjelmeland for å gå på tur i heia, sjølv om dei strenge karantenereglane blir fjerna.

KOMMUNEOVERLEGEN: Bjarte Sørensen vil framleis ikkje tilrå at folk utanfrå reiser på dagstur til Hjelmeland for å gå på tur i heia, sjølv om dei strenge karantenereglane blir fjerna. Foto:

Sidan 15. mars krav har alle hjelmelandsbuar som pendlar ut av kommunen måtta halde seg heime etter jobb. I morgon er det slutt på dei særleg skjerpa karantenereglane for Hjelmeland kommune.

DEL

– Enn så lenge har me ikkje fått påvist smitte innanfor kommunen sine grenser, truleg har me mindre smittepress enn byregionane ennå. Det er sannsynleg at tiltaket har vore medverkande til dette, skriv Hjelmeland kommune på nettsidene sine.

– Me må me berømma befolkninga si innsats for å overhalda både dette tiltaket og alle andre nasjonale og lokale råd og tiltak, spesielt med tanke på hygienetiltak og sosial distansering, står det vidare.

Vedtaket om å oppheva dei strenge karantenereglane er gjort i samråd med kommuneoverlegen.

Kommuneoverlege Bjarte Sørensen har tidlegare uttalt at dei strenge, lokale reglane i Hjelmeland har hatt ein dempande effekt på smittespreiing dei første vekene etter utbrotet av Covid-19, men at effekten ikkje ville vera like stor i tida framover.

Lokale reglar blei overflødige

I formannskapet onsdag denne veka gav politikarane kommuneoverlegen og rådmannen fullmakt til å oppheva dei særleg skjerpa karantenereglane.

Sidan Hjelmeland og Suldal kommunar innførte dei strenge karantenereglane 15. mars har sentrale helsestyresmakter innført nye restriksjonar på heile befolkninga.

– Sidan førre veke har andelen av befolkninga som unngår sosial omgang med nær familie og venner gått frå 68 til 90 prosent i følgje Opinion, noko som tyder på at i denne tida har folk tilpassa seg situasjonen og forstår alvoret, peikar kommunen på.

– Alt dette tatt i betraktning, ser me nå at vårt lokale vedtak nok ikkje gir så mykje tilleggseffekt i smittebremsing og -begrensing som det gjorde i starten, og me kan derfor ikkje lenger seie at eit så inngripande tiltak står i forhold til effekten, held kommunen fram.

Dei gjeldane restriksjonane i Norge nå

Kommunen opplyser at dei gjeldande restriksjonane i Norge nå er:

- Skjerpa anbefalingar om maksimalt fem personar i grupper utanfor familien.

- Meir enn to meters avstand innandørs på arbeidsstad.

- Meir enn ein meters avstand i det offentlege rom.

I tillegg gjeld framleis følgande råd frå helsestyresmaktene: Unngå reiser som ikkje er strengt nødvendige, unngå offentleg transport, viss du kan, og andre stader kor du lett kjem nær andre.

Manar framleis til varsamheit

Framleis vil kommuneoverlegen i Hjelmeland peika på følgjande:

– Ver venleg og tenk grundig gjennom behovet for reiser til område med vedvarande smitte og sjekk det opp mot dei nasjonale råda. Det gjeld både Hjelmeland si befolkning, men også befolkninga utanfor som vil på besøk til Hjelmeland.

– Unngå lange turar i fjellet. Me vil ikkje tilrå at folk utanfrå reiser på dagstur til Hjelmeland for å gå på tur i heia vår. All rørsle i nærmiljøet aukar smittefaren, men i tillegg aukar slike turar sjansen for behov for akuttmedisinske tenester, noko me må unngå i størst muleg grad dei neste månadane.

– Vær årvaken, hald dykk heime dersom de får symptom på luftvegsinfeksjon og ta kontakt med legetenesta ved behov. Det er framleis viktig at arbeidsplassane legg til rette for at medarbeidarar kan overhalda avstandsreglane og gjennomfører andre smitteverntiltak.

– Til slutt: Vask hendene, host eller nys i albogen, hold avstandsreglar og unngå samlingar med fleire enn fem utanfor familien, sluttar kommuneoverlege Bjarte Sørensen.

Artikkeltags