Hjelmeland samfunnshus: – Hadde ikkje hatt same aktiviteten utan skjenkeløyve

I utkastet til ruspolitisk plan er det krav om at matservering må vera ein del av driftskonseptet hjå dei som får skjenkeløyve i Hjelmeland. Det passar dårleg for Hjelmeland samfunnshus som har hatt fast skjenkeløyve siste halvtanna år.