Kommunen meiner denne trappa er ein offentleg veg

Hjelmeland kommune har skilta ei trapp og ein sti mellom Nordbygda og Burmavegen i Hjelmelandsvågen som del av ein offentleg tursti. Det vil ikkje folk som får turgåarar heilt inn på dørhella si vera med på. Kommunen trugar med mulkt og gebyr.