Hydrogenkonferanse i Hjelmeland: – Ryfylke er først i verda og må kjenna si besøkelsestid

Neste år skal verdas første hydrogenferje gå i Hjelmeland-sambandet. Det er eit godt utgangspunkt for å skapa ny næringsverksemd, meinte fleire innleiarar på hydrogenkonferansen i Hjelmeland.