Gå til sidens hovedinnhold

Hytte i Grønvik på Fister brann ned laurdag kveld. Ingen personar i hytta, melder Politiet

Rogaland Brann og Redning meldte at brannvesenet i Hjelmeland rykka ut etter ei melding om branntilløp i Grønvikvegen på Fister litt før klokka 22.00 laurdag kveld.

Då dei kom fram til staden klokka 22.08 viste det seg at det var brann i ei hytte. Hytta var overtent då brannvesenet kom til staden, men det var ingen spreiingsfare og brannvesenet kontrollerer brannen til hytta er nedbrent, melder Politiet.

Det skal ikkje ha vore personar i hytta, skriv Politiet på Twitter.

Kommentarer til denne saken