I mars i fjor truga konkurs meklarfirmaet, men så snudde marknaden: – Me hadde rekordsal frå mai til september

I slutten av mars i fjor sat Dag Soppeland og kollegaene i DNB Eiendom Ryfylke og lurte på når dei skulle gå konkurs etter at dei nesten ikkje hadde seld eit einaste hus den månaden. Så eksploderte bustadmarknaden i Ytre Ryfylke.