Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Me har alltid tenkt at me går på den beste skulen, det er vanskeleg å forstå at det nok ein gong blir føreslått å leggja ned ein skule som fungerer så bra.
Me gler oss til å gå på skulen kvar dag, til å møta klassekameratane våre, som òg er naboane våre. Til å gå gjennom den nye døra på den gode, gamle skulen vår som endeleg er like fin utanpå som den burde vera.
Iris har enda ikkje fått prøvd den nye døra, den er berre for dei som går i tredje klasse eller høgare. Det blir trist om ho aldri får prøvd den døra...
Me gler oss til å gå turar med klassen i naturstien ved skulen, til å klatra i klatrestativet og til å vinka til Marianne over gjerdet til barnehagen. Det var spennande å stå i barnehagen og sjå på dei store ungane som gjekk på skulen.
Det er trygt og godt at me ikkje må reisa lengre for å koma til skulen.
Tilde og Iris, elevar ved Nordre Strand oppvekstsenter
No går me der sjølve. Det er trygt og godt at me ikkje måtte reisa lengre. Når skuleklokkene ringjer og skuledagen er forbi, er me heldige som kan ta sykkelen og møtast igjen på skulen.
For leikeplassen til skulen er like god på fritida den. For ikkje å snakka om 17. mai, då me får ha på oss det finaste me harog bruka alle pengane på is.
Me er så glade for at me har skulen på Fiskå, at me har ein plass å møtast både i og utanom skuletid. Så kjære politikarar, la oss behalda skulen, hjartet i bygdå vår!

– Tøv å tru at ei nedlegging vil gje betre kvalifiserte lærarar i kommunen

FAU har startet underskriftskampanje for å beholde skolen i Nordre Strand: – Vi er skuffet over at det kommer opp igjen så kjapt
