Ingeborg (89) var først ut med vaksine på Jonsokberget: – Då har eg gjort mitt for landet
Dei 23 bebuarane på sjukeavdelinga på Jonsokberget og dei 16 på Tautunet er dei første i Strand kommune som får koronavaksinen. Ingeborg Hovtun frå Jørpeland viste ikkje ei mine då spesialsjukepleiar og koordinator Siri Twijnstra sette vaksinen på ho i føremiddag.