Regiondirektør i NHO Rogaland, Tone Grindland, har utfordra ordførarane i fylket til å laga ein reklamefilm der dei fortel kvifor folk skal velja akkurat deira kommune å feriera i i sommar. Kinosjef Roger Nybroen har filma og redigert ein reklamefilm for Strand kommune, kultursjef Trond Ole Paulsen står for manus og musikk, Gaute Werner Bjørheim har også filma, og det same har Håkon Meyer med drone.