– Nå er det lenge sidan sist me kunne arrangera 17. mai, så nå må me gjera det skikkeleg. Det blir både tradisjonelle og nye ting som skal gå føre under feiringa på Forsand, seier Teigland.

Tradisjonen tru blir det tog frå brannstasjonen og ned til Forsandheimen. Her blir det appell, tale av prest Ole Wollert Meyer, song og kransenedlegging.

– Etterpå går toget opp til kyrkja, der det skal vera gudsteneste. Det blir også kransenedlegging her. Eg håper klassane finn på nokre sprell i toget anten med utkleding, song eller underhaldning, for me har fått tak i nokre utanforståande dommarar som skal velja ut vinnarar i klassen underhaldning og song, seier FAU-leiaren.

Etter gudstenesta blir det tale, kafé og leiker i og ved Forsand kulturhus.

Mona Anita held tale for dagen

– Mona Anita Espedal skal ha tale for dagen. Alle i FAU var einige om at det var ho me ville ha om det passa for ho, seier Jeanett Teigland.

Så blir det leiker ved kulturhuset.

– Det blir leiker for alle, frå null til tre år, frå fire år og opp til ungdomsskulen og for dei vaksne. For første gong skal me ha konekjøring med trillebår, så får me sjå kven som endar opp i trillebårene, ler Teigland.

– Eg ville eigentleg at me skulle ha konebering, men det var ikkje alle som hadde koner eller koner det gjekk an å bera, ler ho vidare.

Kven vinn tautrekkinga i år?

For første gong blir det ikkje luftgeværskyting på 17. mai.

– Det har me droppa i år på grunn av krigen i Ukraina. Me har fått nokre ukrainske flyktningar til Forsand, seier FAU-leiaren.

Tautrekking blir det sjølvsagt heilt til slutt under nasjonaldagsfeiringa på Forsand.

– Det blir Espedalen mot Forsand med dame-og herreklasse. Konene frå Espedalen er sjukt sterke, eg har vore med og tapt for dei. Men når det gjeld mennene er det dei på Forsand som plar å vera sterkast, røpar Teigland.

– Det blir spennande å sjå om det endrar seg dette året, legg ho til.