– Før korona følte me endeleg at me hadde klart å koma litt oppå, seier 47-åringen.

Fjorårets sesong blei ein katastrofe uttalte campingdrivarane til lokalavisa i november. Dei fleste gjestane på Landa har kome frå Tyskland og Nederland.

– Det er veldig vanskeleg nå. Nå handlar det om å overleva, seier Schlage.

Ho har for tida to jobbar; ei 10 prosentstilling i symjehallen på Forsand og ei 90-prosentstilling i symjehallen på Austrått. Mannen hennar, Bernd, jobbar som tømmermann hos Forsand Byggservice.

Nå når landegrensene er tilnærma stengde er det lite som skjer på Landa. Paret har fått pengar frå Innovasjon Norge til å driva med ølbrygging, og dessutan byggja ei ny utleigehytte.

Planlegg å byggja ny hytte

– Me håper me kan få begynna på hytta snart, men det blir mindre tid når me begge jobbar, peikar Jeanette Schlage på.

I tillegg har prisane på material stige med 25 prosent, så då blir det dyrare å byggja, seier ho.

Dei har tilsett eit ungt par frå Tyskland som skal vera med å driva campingplassen i høgsesongen. Det er usikkert når dei får koma til landet.

– Nå skjer det eigentleg ingenting på Landa. Me har offisielt ope frå mai, men det er ikkje noko som skjer. Me er innom Landa dagleg, for me har jo geitene der, fortel Schlage. Geitene har fått eit eige overbygg dei kan søkja ly i.

Ekteparet har fått pengar frå Rogaland fylkeskommune og Ryfylke IKS til vikingfestivalen, som etter planen skal vera 28. august.

– Me veit ikkje korleis smittesituasjonen er då, det kan koma ei oppblomstring, men nå bestemte me oss for å bare setja av datoen, seier Jeanette Schlage.

Tøffe tak frå starten

Det har vore fleire gonger at ho har tenkt at ho ikkje orkar fortsetja å driva Landa Park på grunn av dei tøffe taka heilt sidan starten av.

– Me har vurdert å selja, men kven vil kjøpa ein slik plass? I tillegg har me investert så mykje på Landa nå og blitt så glad i plassen, at me ikkje klarer det, seier Schlage.

– Du blir utbrent og sliten når du prøver og prøver og så lykkast du ikkje alltid, legg ho til.

Ho kunne godt ha tenkt seg å driva campingplassen og fortidslandsbyen saman med eit anna par.

– Eg liker veldig godt å formidla historie og kunnskap vidare til gjestane og eg liker godt at eg aldri veit heilt kva som skjer. Eg ser framleis potensialet i Landa og vil ikkje at tilbodet der skal bli lagt ned, slår ho fast.