Gå til sidens hovedinnhold

Jo, samanslåinga av Forsand og Sandnes var ei tvangssamanslåing

«Aksjonsgruppa ja til folkeviljen, nei til tvangssamanslåing» undrar seg over at Ap ikkje svarar på deira spørsmål, og i staden «bagatelliserer initiativet frå innbyggarane i Forsand».

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

(Ytringa er eit svar på ei ytring i Sandnesposten, der to representantar for Sandnes Ap ber om ro rundt samanslåinga av dei to kommunane)

I eit innlegg i Sandnesposten 24. mars 2021, gjer AP sin gruppeleiar og nestleiar i kommunestyret i Sandnes, eit iherdig forsøk på å ufarleggjera og bagatellisera initiativet frå innbyggarane i Forsand, om å få til ei grensejustering slik at Forsand-delen av Nye Sandnes kan bli ein del av Strand kommune i staden for Sandnes.

Det er i grunn trist å registrera AP-representantane sin arrogante haldning, som kjem fram ved å framstilla initiativet frå Forsand, som ein aksjon frå ei lita aksjonsgruppe som ikkje har forstått kva som er best for samfunnet. Noko AP i Sandnes tydelegvis har gjort. Det er også trist å registrera at AP, som einaste parti, har unnlate å ta seg bryet med å svara på spørsmåla frå aksjonsgruppa, slik alle dei andre partia har gjort.

Les også

Aksjonsgruppa får støtte fra flere stortingskandidater: – Nå er det opp til innbyggerne i Forsand

Ja, det er ei kjensgjerning at fleirtalet i kommunestyret i Forsand endra seg våren 2017. At kommunestyrerepresentantar skiftar meining har skjedd både før og etter, også i Sandnes. Dette er snarare ein styrke for folkestyret, enn ein svakheit.

Ja, det er også ei kjensgjerning at eit mindretal i kommunestyret i Forsand, i møte 6. juni 2017, braut kommunelova ved å nekta å ta saka opp til behandling.

Les også

Sjekk hva politikerne svarer på spørsmål fra aksjonsgruppa

Fleirtalet i Forsand kommunestyre var for ei samanslåing med Strand. Difor er samanslåinga med Sandnes pr definisjon ein tvangssamanslåing.

Me er glade for at alle partia som er spurte, med unntak av AP og FRP, gjev eit klart svar på at det ikkje er greitt å akseptera ein slik framgangsmåte som det som skjedde i Forsand. Me er også glade for at alle partia, med unntak av dei to nemnde, vil vurdera eit initiativ frå eit fleirtal i Forsand om ei grensejustering.

Det undrar oss at AP har satt seg sjølv i ein slik situasjon.

Les også

Journalisten blandar korta og skaper med sin artikkel meir forvirring enn oppklaring

Kommentarer til denne saken