Jørpeland Musikkorps og nasjonalsongen på Preikestolen er i finalen i nasjonal korpskonkurranse

PREIKESTOLEN: Jørpeland Musikkorps spelte inn video av at dei spelte nasjonalsongen saman med songsolist Svein Fossdal på Preikestolen. Denne er nå i finalen i ein nasjonal korpskonkurranse.

PREIKESTOLEN: Jørpeland Musikkorps spelte inn video av at dei spelte nasjonalsongen saman med songsolist Svein Fossdal på Preikestolen. Denne er nå i finalen i ein nasjonal korpskonkurranse. Foto:

Innspelinga av «Ja vi elsker» på Preikestolen er sendt inn til korpskonkurransen VIVO og har komme til finalen. Det lokale korpset oppmodar nå folk om å stemma på dei.

DEL

– Det er muleg å stemma ein gong til dagen fram til sundag. Takk til Roger Nybroen, Jone Ravnås Mathiasen, Håkon Slettebø Meyer og Trond Ole Paulsen for film og lyd og Svein Fossdal for songen, skriv Laura Helen Farr Vatne på Facebook.

Her kan du sjå 17. mai-sendinga til Staal Jørpeland. Spol fram til rundt ein time og 15 minutt og opplev nasjonalsongen på Preikestolen igjen sjølv.

Kultursjef i Strand, Trond Ole Paulsen, fortel at innspelinga på turistmagneten over Lysefjorden blei ei stor oppleving for dei involverte:

– Det blei akkurat så spektakulært som me håpa og trudde. Med knallblå fjord og nesten vindstille, var det heilt magisk, slår han fast.

I den nasjonale korpskonkurransen blir det lagt vekt på utstråling, samspel, innleving, visuell heilskap og speleglede, fortel Norges Musikkorpsforbund på nettsidene sine.

Her kan du stemma på det lokale musikkorpset sitt bidrag i VIVO-konkurransen.

Artikkeltags