«Så liten er verden blitt at det blei reaksjonar på reaksjonen frå kommunen mot Klippen»

OMSTRIDT: Denne stjerna har de siste par julehøytidene stått og lyst på Jørpelandsholmen. I år blir stjerna endret på. Arkivfoto

OMSTRIDT: Denne stjerna har de siste par julehøytidene stått og lyst på Jørpelandsholmen. I år blir stjerna endret på. Arkivfoto

Av
DEL

Meninger

Strand kommune vil ha Jørpelandsholmen nøytral, skriv Strandbuen på leiarplass 6 desember.

Når ein ser på den seinare tids støy rundt ei julestjerne, så fungerer den nøytraliteten heller dårleg. I denne omgang er bakgrunnen menigheten Klippen sitt Julearrangement på holmen der det er blitt tradisjon å henga opp davidsstjerna.

Dette omtalar Strandbuen 29 november og skriv: «I et brev som nyleg er sendt til kommunen fra en privatperson, pekes det på at davidsstjerna er et symbol hentet fra Israels flagg - som er og blir en sterkt politisk markør». Dette høyrest jo ut som eit problem, men hvis ein googlar litt kjem det fram at «Davidsstjernen er i dag det mest kjente symbolet på jødedommen». Ser ein det i samanheng med at det er frå Israel det kristne Julebudskapet kjem passar davidsstjerna naturleg inn.

Til orientering så var bybrua i Stavanger så seint som i 2016 pynta med juletre og davidsstjerna i toppen. Ellers så er jo Israel eit land i verden akkurat som Norge, men med andre utfordringar. Så til det nøytrale svaret i same avis 29. november: «Strand kommune har gjort Klippen oppmerksom på at davidsstjerna skaper reaksjoner».

Så liten er verden blitt at det blei reaksjonar på reaksjonen frå kommunen mot Klippen, både frå inn- og utland. Kritikk må ein finna seg i, men det «spetakkelet» som ordførar Irene Heng Lauvås har måtta ta imot i ettertid høyrer ingen plass heime og treng ingen repetisjon.

For å unngå noko liknande må ein ta lærdom. Det alvorlege her som Strandbuen har avdekka er at privatpersonar kan skriva brev til kommunen og få setja dagsorden for kva den same kommunen skal meina om Klippen sitt julearrangement. Kor er då nøytraliteten som ein snakkar om?

Nøytralitet må jo ha eit innhald! Kven i kommunen skal skal bestemma det? Hvis holmen skal vera så nøytral at ingen blir krenka eller føler skam,er det meir enn davidsstjerna som er i faresonen. Kva med julesangar? Kanskje må ein seia nei til både Klippen og andre arrangement! Kva med framande flagg, hundar osv, osv? Det blir jo ikkje enkelt!

Etter mi meining må kommunen gløyma heile nøytraliten og istadenfor utarbeida retningslinjer og rutinar for kva som er «greit» på denne holmen. Det vil bli enklare å forhalda seg til. Hvis ordføraren «fikse» dette kan ho risikera å bli endå meir populær!

Artikkeltags