– Me veit ikkje noko om når stien kan bli opna igjen, det trur eg ikkje politiet heller gjer, men nå er dei i alle fall i gang, seier Jorunn Stokka.

– Kvifor tar det så lang tid henta ut den omkomne?

– Det veit eg ikkje, men det ser ut til å vera meir problematisk enn det pleier å vera, svarer Stokka.

Politiet meldte på Twitter tysdag kveld at Preikestolen ville vera stengt onsdag i samband med at dei skulle henta ut ein død person.

Preikestolen blei stengt onsdag morgon, og turistane blei bedne om å koma tilbake ein annan dag.

– Eg legg ut informasjon med ein gong stien blir opna igjen, sluttar Jorunn Stokka.