God stemning under julebordet i dagsenteret på Tautunet

I fleire dagar har førsteårselevar på helse og oppvekst på Strand vgs. vore saman med brukarane på dagsenteret på Tau og laga bordpynt, festhattar, bordkort og dessert til julebordet. Både unge og gamle kosa seg med song, juleevangeliet og mat.