Sist fredag var det 10E som spelte kamp mot 9C.

– Kampane blir spelte for fulle tribunar, då resten av skulen er heiagjeng. Begge klassane kjempa hardt, men det var klasse 10E som stakk av med sigeren, fortel lærar Siri Harestad Andersen.

– 10E går dermed vidare til sluttspelet. Det var knallgod stemning blant dei 200 elevane som var heiagjeng på tribunen, rett og slett kanonkjekt på JUS, held ho fram.