Gå til sidens hovedinnhold

Kodejakta i Hjelmeland startar neste veke. Elleve turmål er klare

Artikkelen er over 1 år gammel

Neste veke kjem brosjyrane for den populære Kodejakta i Hjelmeland i postkassane, men Eldfinn Austigard seier at det kanskje vil gå endå litt meir tid før dei to siste postane er på plass.

Den lengste turen i årets utgåve av Kodejakta, er den gamle ferdselsvegen over heia mellom Kleivaland og Årdal.

– Der er det framleis litt for mykje snø til at løypa er merkt og turposten med koden er komen på plass. Koden ved Svartavatnet i Lyngsheia manglar også til meir av snøen har forsvunne, men på dei ni andre turmåla er kodane på plass, opplyser Eldfinn Austigard.

Til turen frå Kleivaland til Årdal føreslår Austigard at turgåarane set av 5-7 timar, men det er også enklare turar i Kodejakta – som turen på grusveg til Ritlandstjødnene.

Les også

Eldfinn Austigard har funne turmål til Kodejakta, men konkurransen startar ikkje før i mai

Her er årets turmål:

– Strengjatonå, Hjelmeland

– Subbliå, Vormedalen

– Ritlandstjødnane, Vormedalen

– Lomstjødnå, Lyngsheia

– Svartavatnet, Lyngsheia

– Helgaknuten, Årdal/Hetlandsbygda

– Kodl, Randøy

– Røssenibben, Jøsneset

– Ingvaldstadfjellet, Fjellgardane

– Tjukkhammar, Årdal

– Kleivaland - Årdal (langturen)

Kommentarer til denne saken