Gå til sidens hovedinnhold

Kolbjørn Pedersen (H) ber formannskapet vurdera om Hjelmeland skal støtta årets TV-aksjon

Artikkelen er over 1 år gammel

Inntektene frå NRK sin årlege innsamlingsaksjon skal i år gå til World Wildlife Fund (WWF) sitt arbeid for å fjerna plast frå havet. Formålet er ikkje omstridd, men Kolbjørn Pedersen meiner det er problematisk å støtta organisasjonen.

For abonnenter

Høgre-representanten stilte ordføraren eit grunngjeve spørsmål om støtte til TV-aksjonen.

– WWF har blitt ein stadig meir politisk organisasjon. I Norge er det mellom anna tydeleg når det gjeld rovviltforvalting. Ulv er ikkje noko stort problem i Hjelmeland, men dette er like fullt ei prinsipielt viktig sak. Eg har sjølvsagt ingenting imot å reinska havet for plast, men kan me ikkje like gjerne støtta andre organisasjonar som jobbar med det same – også på eit meir lokalt plan, spurde Pedersen.

Ordførar Bjørn Laugaland (Sp) la vekt på at dei fleste organisasjonar er politiske på eit eller anna plan, men var samd i at WWF var problematisk.

– Me har støtta Norsk Folkehjelp som har sitt utspring frå arbeidarrørsla, og me har støtta kristne organisasjonar som Kirkens Nødhjelp og Frelsesarmeen. Dei er heller ikkje upolitiske, men WWF er likevel meir problematisk. Dei har mellom anna saksøkt staten og stortinget på grunn av rovviltforvaltinga, sa Laugaland.

– Gjennom vår medlemskap i Utmarkskommunane si samanslutning (USS) er me faktisk ein motpart i dette søksmålet. Fleire kommunar og stortingspolitikarar har alt gitt til kjenne at dei ikkje støttar årets aksjon. Eg meiner uansett at me ikkje bør avgjera dette over bordet i dag, men me kan eventuelt ta det opp i formannskapsmøtet i august, heldt han fram.

Les også

Her kom det inn mest per innbygger

Han la til at budsjettet for i år legg opp til eit bidrag på 20.000 kroner frå Hjelmeland kommune til aksjonen – i tillegg til å vera med på sjølve gjennomføringa av innsamlinga.

– Då ber eg om ei sak til formannskapet i august, konkluderte Kolbjørn Pedersen.

Kommentarer til denne saken