– At nokon gjer det betre enn andre, betyr ikkje at andre gjer det dårleg

FELLESDANSAR: Tiandeklassingane gneistra på scena under fellesdansane i TUS-musikalen «Grease».

FELLESDANSAR: Tiandeklassingane gneistra på scena under fellesdansane i TUS-musikalen «Grease». Foto:

Hurra for ungdommar som vågar å gje beskjed når dei føler seg urettferdig behandla! Hurra for ungdommar som gjev beskjed om dette direkte til den dei føler har behandla dei urettferdig!

DEL

MeningerÅ skriva ei journalistisk sak der det er du som journalist og dei vala du har tatt som blir kritiserte, var eit balansestykke. Du skal behandla dei som klagar på ein skikkeleg måte og du ønskjer ikkje å blanda eigne tilsvar og meiningar inn i saka.

Eg må ærleg talt innrømma at eg ikkje såg kritikken komma. Det var ikkje i min tanke at eg hadde skrive at jentene gjorde ein dårleg innsats i TUS-musikalen «Grease». Det synest eg heller ikkje dei gjorde.

Det var bare det at eg blei så «blown away» av det gneistrande samspelet til gutane på scena. At nokon gjer det betre enn andre, betyr ikkje at andre gjer det dårleg.

Det var ei melding eg skreiv frå musikalen, eller ein «anmeldelse» som det heiter på bokmål.

Meldaren si personlege oppleving

Ei slik melding er meldaren si personlege oppleving av det ho eller han ser eller høyrer. Me er alle forskjellige og oppfattar det me ser og høyrer på ulik måte.

Eg var bare på ei framsyning. Kanskje var det jentene som utmerka seg på framsyninga kvelden før, men det kan eg som meldar ikkje ta omsyn til, for eg skriv om det eg opplever på den framsyninga eg er til stades på.

Som journalist er eg glad i å fortelja historier. Eg må innrømma at eg også ønskjer at flest muleg skal lesa dei historiene eg får fortelja.

Då gjeld det å finna ein veg inn i historia som gjer at folk ønskjer å lesa vidare. Det må eg gjera allereie i overskrifta. I dagens medie-jungel meir enn nokon gong før.

Ulike meiningar om vinkling

Denne vegen inn er rett og slett historieforteljaren sitt val, og det vil alltid vera forskjellige meiningar om kva som er den rette vegen.

Når det gjeld likestilling, så skal eg lova at eg er opptatt av det! Eg jobbar bevisst med at Strandbuen skal intervjua kvinner og jenter like ofte som menn og gutar.

Men likestilling gjeld faktisk både jenter og gutar. I skulesamanheng har det tradisjonelt vore dei flinke jentene som har fått mest merksemd. I førehandssaka om musikalen intervjua eg to jenter og ein gut.

Når nokon blir kritisert i ei journalistisk sak, er det vanleg å la den eller dei blir kritisert få komma til orde. Å intervjua seg sjølv var aldri eit alternativ. Derfor blei det rett og slett ein kommentar der eg forklarer mine val.

Artikkeltags