Kommunen har søkt om fiberstøtte: Sjå om du er blant dei 323 husstandane i Hjelmeland som kan få fiber i 2021 og 2022

TIL ALLE I 2025: Hjelmeland legg planar og tilset prosjektleiar for å realisera fiberutbygging til alle innbyggarar innan 2025.

TIL ALLE I 2025: Hjelmeland legg planar og tilset prosjektleiar for å realisera fiberutbygging til alle innbyggarar innan 2025. Foto:

Hjelmeland kommune har planlagd ei utbygging til 19,4 millionar kroner dei to neste åra, og sendte nyleg søknad om vel 10,2 millionar kroner i støtte frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom).

DEL

Om kommunen får støtte som omsøkt, betyr det at 323 husstandar som manglar fiber eller hurtig breiband i dag vil få tilbod om å knyta seg til. Kommunen legg opp til eigne investeringar på 5,5 millionar kroner. Dei siste 3,7 millionane skal dekkast av selskapet som byggjer ut.

– Eventuelle refusjonar frå husstandane som knyter seg til, vil gå til frådrag på utbyggjaren sin del av kostnadane, opplyser rådmann Wictor Juul.

Hjelmeland kommune har fått Nkom-midlar til tidlegare utbyggingar, mellom anna 5,3 millionar kroner til dei pågåande utbyggingane til Randøy og Byrkja/Ingvaldstad.

Fire store og tre små

Det er fire store utbyggingar som er med i søknadane som blei sendt inn i byrjinga av september. Kommunen har også teke med tre mindre utbyggingar der Nkom berre blir utfordra til å delta med ein symbolsk sum. Desse tre utbyggingane skal vera ferdige i 2021.

Dei fire store utbyggingane skal derimot realiserast over to år og vera ferdige i 2022.

SØKTE OM MIDLAR: Dette er dei planlagde fiberprosjekta i Hjelmeland dei to neste åra, men rådmannen opplyser at det kan ta lengre tid om finansieringsplanen ikkje held.

SØKTE OM MIDLAR: Dette er dei planlagde fiberprosjekta i Hjelmeland dei to neste åra, men rådmannen opplyser at det kan ta lengre tid om finansieringsplanen ikkje held. Foto:

Kva skjer om kommunen ikkje får Nkom-støtte? Blir utbyggingane utsette i tid, eller er det aktuelt at kommunen sjølv tek ein større del av kostnaden?

Det er eit politisk spørsmål, så det må kommunestyret i så fall ta stilling til. Det høyrest kanskje enkelt ut å ta ein større del av kostnaden sjølv, men det er ikkje så enkelt. Då kjem me truleg i konflikt med reglane for offentlege innkjøp. Det betyr at det blir eit nytt prosjekt, og at me i så fall må starta ein ny anbodsrunde, seier Wictor Juul.

Om kommunen i staden vel å venta eit år og søka på nytt, er det ikkje nødvendig med ny anbodsrunde.

Manglar ennå nokre område

Sjølv om dei planlagde utbyggingane vil hjelpa 323 husstandar som treng raskare nettilgang, er det framleis område i kommunen som ikkje er med i denne søknadsrunden. Det gjeld særleg Årdal på sørsida av Storånå frå Storåbrua og oppover mot Tjentland, Dalen og Målandsdalen.

Me kjem tilbake med meir detaljar om utbygginga for dei gjenverande områda med det første, seier Wictor Juul.

Formannskapet vedtok tidlegare i haust ein plan som seier at alle husstandar skal ha fiber eller anna breiband med høg fart innan 2025. Dei gjekk også inn for å oppretta ei stilling for ein prosjektleiar som skal ha «handa på rattet» gjennom dei store utbyggingane.

Artikkeltags