Kommuneoverlegen var pasient null: – Dette er ei veldig nyttig øving

Torsdag morgon gjekk alarmen i kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland og Sokndal. Fleire personar hadde testa positivt på Covid-19, og dei smitta hadde besøkt fleire av dei fire kommunane. Då måtte smittesporingsgruppene i aksjon.