– Kva kan de gjera for at det skal bli lettare å koma inn i bustadmarknaden for oss unge vaksne, utfordra Daniel Bratteli listetoppane på under valdebatten på Jørpeland onsdag kveld. – Kva kan de gjera for å unngå at strandsona blir heilt nedbygd, lurte Lars Fossåskaret på. – Har de nokre tiltak de vil setja i gang for å styrka den lokale identiteten, spurde Even Hye Tytlandsvik Barka. – Kva kan de gjera for å få turistane til å leggja igjen meir pengar lokalt, var spørsmålet frå Randi Karlsen.