Frida (9) og Marita (9) håpar ingen merka at dei spelte ein bitteliten feil på adventskonserten

Det var ikkje heilt fullt i Fister kyrkje, men det var folk på kvar einaste benkerad då Hjelmeland kulturskule hadde adventskonsert torsdag kveld. Dei fekk ein fin førjulskonsert med unge artistar.