Froddien laga liv

Artikkelen er over 1 år gammel

Frode Rønli alias Froddien fekk opp stemninga blant dei rundt 200 som møtte opp på konserten i Rosehagen laurdag kveld, men med både Champions League-finale og Musikkfest i Stavanger blei det ikkje så mange publikummarar som arrangøren hadde håpa på.