Gå til sidens hovedinnhold

Korleis har pandemiåret vore for folk i Ytre Ryfylke?

Diana Maria Løland frå Forsand har kjøpt seg hus i pandemien, medan Hilde Iren Gjerde frå Tau har lært seg å spela piano. Petter Lunde frå Jørpeland har bygd seg bakaromn i hagen, for å føla seg litt nærare familien sitt ferieland Italia, medan Siren Johanne Lorvik frå Randøy har nytt meir fritid, men samtidig sakna handballen.