16 koronatestar i Hjelmeland

DEL

Totalt blei tolv personar testa for Korona-virus i Hjelmeland sist veke. Personane som blei testa hadde vore på ferie i Nord-Italia og kom heim med sjukdomssymptrom. Alle prøvane var negative.

Måndag denne veka blei to personar til sjekka for Korona, og kommuneoverlege Bjarte Sørensen opplyser at ytterlegare to personar blei testa tysdag.

– Me ventar framleis på svar på dei fire prøvane som blei tekne måndag og tysdag, seier Sørensen.

Artikkeltags