Kraftskatteutvalet sitt framlegg: Hjelmeland kan tapa 39 millionar i året

Kraftskatteutvalet leverte tysdag sin rapport til finansminister Siv Jensen (Frp). Dei går inn for å overføra store delar av kraftkommunane sine inntekter til staten. – Ei storstilt sentralisering som ingen har bedt om, seier Hjelmeland-ordførar Bjørn Laugaland (Sp).