Varaordførar Anita Husøy Riskedal (Sp): – Ikkje uventa, men litt som julaftan likevel

Hjelmeland kommune stod i fare for å mista årlege kraftinntekter på 39 millionar kroner. Nye Sandnes kunne tapa den same summen på grunn av kraftanlegga i Forsand. Det blei ein jubeldag då regjeringa i går kutta ut omlegginga av kraftskatten.