Kulturprisvinnaren Jan (87) blei korpsdirigent utan at han nokon gong hadde spelt instrument sjølv

Jan Ommundsen har delt av sin kunnskap om tettstaden Hjelmelandsvågen gjennom meir enn 25 år som omvisar og forteljar. Det er hovudårsaka til at han får Hjelmeland sin kulturpris i 2020, men han har også hatt eit breiare kulturengasjement.