Kultursjefen drøymer om ein kulturfestival i hamna i Jørpelandsvågen: – Det er nå me avgjer kor levande kulturliv me skal ha i framtida

Trond Ole Paulsen trur Ryfast på sikt vil bety kulturlekkasje til Stavanger, men også meir breidde i kulturtilbodet for strandbuane. Han drøymer om å kunna tilby både strandbuar og folk frå Nord-Jæren ein ny kulturfestival i hjartet av Jørpeland.