Kvilldal kraftverk bidreg med mest: Sjå lista over kraftverk som betaler eigedomsskatt til Hjelmeland

Hjelmeland kommune har årlege eigedomsskatteinntekter på 12-15 millionar kroner frå kraftverk, men det er også andre installasjonar enn sjølve kraftverket som er med i skattegrunnlaget. Dei største bidragsytarane til «vassleverandøren» Hjelmeland er kraftverk som ligg i nabokommunane Suldal og Sandnes.