Lange køar på Hjelmeland også denne fredagen – politiet ber bilistane ta omsyn

FARLEGE SITUASJONAR: Også denne fredagen er det lange køar på Hjelmeland. Det skaper farlege situasjonar når folk prøver å passera køen, som dette bildet frå sist helg viser.

FARLEGE SITUASJONAR: Også denne fredagen er det lange køar på Hjelmeland. Det skaper farlege situasjonar når folk prøver å passera køen, som dette bildet frå sist helg viser. Foto:

Fredag ettermiddag varsla Norled at folk måtte rekna med venting før dei kom med ferja til Nesvik. I 18-tida fekk Strandbuen tips om at ferjekøen strekkjer seg nesten heilt til Samfunnshuset – fleire kilometer frå kaien.

DEL

Det betyr at pinsehelga blir den tredje helga i vår med lange køar på Hjelmeland. Tidlegare i vår har køane til tider vore så lange som forbi Kleppakrysset og ut til Utsikten Kro.

Dette skapar farlege situasjonar langs vegen som berre har to køyrefelt. Folk som skal forbi køen og inn til Hjelmeland sentrum eller vidare mot Vormedalen må passera på utsida av køen, og der treffer dei møtande trafikk. Politiet opplyser at dei har fått meldingar om farlege forbikøyringar i området. Dei ber om at trafikkreglane blir følgde og at det blir tatt omsyn til at køen står der den står.

Det har til tider vore køar på Hjelmeland tidlegare òg, men utfordringa med køane har blitt tydelegare etter opninga av Ryfast.

Strandbuen har fått eit bilde frå Torunn Munthe som tydeleg viser kaoset frå rundkøyringa på Sande og oppover Puntsnesbakken.

– Eg skal til Årdal seinare i ettermiddag. Eg må seia at eg gler meg ikkje akkurat til å køyra mot køen frå Sande og utover og ikkje ana kva som kjem imot meg, seier ho.

Artikkeltags