Gå til sidens hovedinnhold

Lars (69) har lærekjørt med mange flyktningar: – Eg har stor glede av å vera til nytte og hjelp

Dei siste seks åra har Lars Fossåskaret hjelpt mange flyktningar med å lærekjøra. – Eg blir som ein onkel, far eller bror for dei, og eg har fått nye venner og har stor glede av den tilliten dei viser meg, seier pensjonisten sjølv.

For abonnenter
Kvardagshelt

Det var kona hans Åse Lerang, som først fekk førespurnaden frå ein ung tsjetsjenar om ho ville lærekjøra med han i 2014.

– Ho sa nei, «eg har jo ikkje lærekjørt med mine eigne ungar ein gong. Spør Lars!». Eg sa ja, og sidan har ryktet gått, så nå har eg vel lærekjørt med rundt 12 stykk, fortel Fossåskaret.

Denne førespurnaden kom på den internasjonale kafeen, der kona hans har vore med og organisert og leia arbeidet. Lars Fossåskaret har også vore med på dette arbeidet.

– Eg er fast handlangar eller sjauar på den internasjonale kafeen. Hadde det ikkje vore fordi kona mi er involvert i dette arbeidet, hadde eg nok ikkje enda opp med å lærekjøra med innvandrarar, peikar 69-åringen på.

Dei som føreslår Lars Fossåskaret til å bli kalla ein kvardagshelt, peikar på at både han og kona er til uvurderleg hjelp i integrerings- og flyktningarbeidet i kommunen.

Les også

Heile Jørpeland si tante Bjørg (73): – Eg synest dette er litt flaut, men også veldig koseleg

Har fått mange venner

– Det finst mange kvardagsskeptiske og smårasistiske folk, men eg trur dei mest skeptiske har liten kjennskap til dei. Eg trur for eksempel mange i Strand ikkje har hatt besøk eller vore på besøk hos innvandrarar, seier han.

Sjølv har han hatt stor glede av kjennskapet og vennskapet som har utvikla seg etter mange timar saman med folk frå Eritrea, Tsjetsjenia, Afganistan og Syria.

Det som rører meg aller mest er det at eg merkar at dei har eit så godt tillitsforhold til meg, anten det gjeld muslimske kvinner eller veldig kristne kvinner.

Lars Fossåskaret, kvardagshelt

– Eg har fått nye venner, som både har vore på julemiddag og med på hytta. Ein dag i veka hentar eg ein liten gut i barnehagen, for ei av dei eg har lærekjørt med, fordi ho går på skule, fortel Lars Fossåskaret.

– Det som rører meg aller mest er det at eg merkar at dei har eit så godt tillitsforhold til meg, anten det gjeld muslimske kvinner veldig kristne kvinner. Dei er ikkje redde for å kjøra saman med meg, held han fram.

Dei fleste han har lærekjørt med er mellom 30 og 50 år, og det er flest kvinner blant dei.

– Kostar ikkje meir enn tid

– Eg stiller som krav at dei har bil sjølv til disposisjon, i tilfelle det skulle bli nokre skader eller noko. Det kostar jo ikkje meg så mykje anna enn tid, fortel han.

– Elles er det jo vesentleg at dei meldar seg opp til å ta førarkortet, legg han til.

Tidlegare på dagen denne fredagen har han kjørt saman med ei, som ville kjøra ein tur til Jysk saman med tanta si. På sundag skal han ha bykjøring saman med ein annan av innvandrarane.

Ein av dei som lærekjørte med han i dag, tok etter kvart sertifikat på buss og kjører buss i Stavanger. Han hadde så lyst til å gjera noko tilbake for å hjelpa Lars Fossåskaret.

– Akkurat då var det ikkje noko eg trengde hjelp til. Så då fortalde eg han om Olav H. Hauge sitt dikt om Osamannen. Der er poenget at viss du ikkje kan hjelpa den som hjelper deg, så kan du jo hjelpa ein annan, fortel han.

«Gjer ein annan mann ei beine»

Han kom or fjellet, skulde heim,

fekk føring ifrå Osa og ut til Øydvinstò.

Og han var raust
og baud betal.

Men osamannen var ikkje fal.

«Eg vil betala,
eg kan ikkje nå deg
med ei beine att.»

«Så gjer ein annan mann
ei beine då,»
sa Osamannen
og skauv ifrå.

Olav H. Hauge

Les også

Strandbuen er på jakt etter kvardagsheltar: – Me ønskjer å visa folk som gjer ein innsats for andre at me set pris på innsatsen deira

Kommentarer til denne saken