Lastebil har velta på Forsand

Brannmannskap frå Forsand og Strand rykkar ut til ei trafikkulukke på Slettabø på Forsandmoen torsdag ettermiddag.

DEL

Politiet opplyser til Strandbuen at det skal vera ein lastebil som har velta. Politiet meldar på Twitter klokka 13.30 at skadeomfanget på lastebilføraren er ukjent og at naudetatane er på veg til staden.

Strandbuen er på Forsand og observerer at luftambulansen nå kjem til ulukkesstaden på anleggsområdet. Politiet opplyser på staden at det var ein mann i lastebilen.

Føraren er bevisst og blir nå blir frakta til sjukehus med luftambulansen.

Strandbuen kjem tilbake med meir.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken