Klokka 09.45 tysdag føremiddag melder Politiet og Rogaland Brann og Redning at eit vogntog har køyrd inn i tunnelveggen i Ryfylketunnelen. Ein personbil er også involvert i trafikkuhellet, skriv Politiet.

Uhellet har skjedd like ved tunnelopninga på Solbakk i retning Hundvåg.

Klokka 10.00 melder Politiet at tunnelen er stengt. Det skal ikkje vera personskade i samband med uhellet, berre materielle skadar, ifølgje Politiet.