LESARBREV: Eigedomsskatten er eit offentleg ran

Av

Innbyggarane i Strand har tidlegare opplevd at rådmann og politikarar har «sjonglert» med promillen og takstane på eigedommane deira, slik at desse gjev meir pengar i ein stadig meir grådig kommunekasse.

DEL

Dette gjer dei trass i at bankane eig heile eigedommen sin omsetjingsverdi. Kommunen skal ha sin rikelege del av «leiglendingane», som bare eig heimelen. Sjølv om kommunal økonomi ville klart seg utan dette «offentlege ranet».

Kommunen si verdisetjing på eigedommane blir sett til omsetjingsverdien.

Eit bygg som i 1980 kosta 400.000 kroner, blir nå gitt ei taksert omsetjingsverdistigning på 1,5 gonger byggjekostnaden. Frå 2018 til 2019, på eitt år, utgjer dette 600.000 kroner.

I Skottland var det i gamle dagar noko som heitte takskatt og vindaugeskatt på bygg. Dette førte til at eigarane fjerna tak og vindauge slik at spøkelsesbygningane stod igjen.

Er det dette Strand kommune vil oppnå?

Artikkeltags