Ikkje legg ned skulen og barnehagen vår!

NORDRE STRAND-ELEVAR: Ida Warland Sørskår (bak frå venstre), Tuva Ur, Jessica Kvame, Tomine Bertelsen, Szymon Marcinkowski (framme frå venstre), Kasper Frafjord Kleven, Christian Fjelde Kvame og Christoffer Nguyen i sjuande klasse på skulen på Fiskå har ei klar oppmoding til politikarane.

NORDRE STRAND-ELEVAR: Ida Warland Sørskår (bak frå venstre), Tuva Ur, Jessica Kvame, Tomine Bertelsen, Szymon Marcinkowski (framme frå venstre), Kasper Frafjord Kleven, Christian Fjelde Kvame og Christoffer Nguyen i sjuande klasse på skulen på Fiskå har ei klar oppmoding til politikarane. Foto:

Av

Me er leie oss fordi de vil leggje ned Nordre Strand oppvekstsenter, altså skulen og barnehagen på Fiskå.

DEL

MeningerTenk på dei som har begynt i 1. klasse som må ta buss heilt åleine frå Fiskå til Tau.

Tenk om ingen vil flytte inn her viss skulen og barnehagen må leggjast ned.

Det er dumt viss dokker legg dei ned.

Skal skulen stå og rotna her?

Og i tillegg held me på med å bygga skulen om.

Me har det veldig bra her og me vil ikkje forandra sånn som me har det.

De seier me skal ha eit godt tilbod på skule og barnehage, men viss skulen og barnehagen skal leggjast ned så får me det ikkje så godt som me har det nå.

Mange folk er leie seg for dette.

Viss skulen og barnehagen skal leggjast ned er det sikkert mange folk som flyttar til Tau.

Tenk om det er mange born som ikkje får plass i barnehagane på Tau og må kjøre heilt til Jørpeland.

Det er liksom ikkje bare 30 -40 unger og elevar her, det er om lag 110 ungar og elevar som må bytta skule og barnehage.

Me kjem til å gå i protest viss skulen og barnehagen skal leggjast ned!


Artikkeltags