Snø og Twin Peaks-stemning i tysk musikkvideo

Artisten Jon Ives har opplevd mykje vêr i løpet av nokre dagar med filming i Lyngsheia.

Artisten Jon Ives har opplevd mykje vêr i løpet av nokre dagar med filming i Lyngsheia. Foto:

Av

Då Holger Pietsch frå Hamburg og teamet hans skulle laga musikkvideoar til artisten Jon Ives, var han ikkje i tvil om kor dei skulle dra. Han ville ha med dramatisk Ryfylke-natur, og han visste at han ville finna den rette Twin Peaks-stemninga i Årdal.

DEL

Då artisten Jon Ives frå Hamburg skulle spela inn tre musikkvideoar til det nye albumet han gir ut i mai, såg han føre seg landsbyar ved sjøen, opne landskap og vill natur.

– Eg sa at eg såg etter noko som likna på New Zealand. Då sa Holger «me reiser til Norge». Eg hadde vore på skiferie til Norge med kjærasten min ein gong tidlegare, og var skeptisk. Nå har eg lært at det er forskjell på austlandet og vestlandet. Dette har vore perfekt, seier han.

Filmregissør Holger Pietsch og familien har vore i Norge mange gonger før. Han høyrde på songane dei skulle laga videoar til og skildringane artisten hadde av kva han såg etter. Og visste akkurat kor dei skulle reisa.

– Me har filma litt på Lista, men det meste har me gjort i Ryfylke – på Lauvvik, i Lyngsheia, Songesand, Årdal og Hjelmeland, fortel Pietsch.

– Eg har stått og gjort som eg syng i gatene i Loshavn og på vegane i Ryfylke i fleire dagar. Det ser kanskje ikkje så lurt ut, gliser Jon Ives.

– Eg har stått og gjort som eg syng i gatene i Loshavn og på vegane i Ryfylke i fleire dagar. Det ser kanskje ikkje så lurt ut, gliser Jon Ives. Foto:

Familien Pietsch har feriert i Ryfylke i tjue år. Ein gong i tida lærte dei seg til og med litt norsk og var bestemte på å flytta til Norge. Det blei ikkje noko av. Men som gjester har dei likevel vore mykje i Norge, og Høiland Gard har vore ein fast stoppestad.

– Eg trur eg har sove i alle sengene i alle husa der dei leiger ut rom, smiler sonen Morten Pietsch, som har vore med på turar frå han var liten og er ein av to søner som i dag jobbar i familiebedrifta.

Denne veka har dei budd på Sanitas i Årdal, men for det meste har dei vore ute på location og filma.

Natt til onsdag tilbrakte filmteamet og artisten i Lyngsheia. Lysninga om morgonen var løn for nattevakinga.

Natt til onsdag tilbrakte filmteamet og artisten i Lyngsheia. Lysninga om morgonen var løn for nattevakinga. Foto:

– Det har gått veldig bra. Då me skulle filma i Loshavn på Lista, var eg oppteken av korleis me skulle klara å få det til å sjå folketomt ut i gatene og på stranda. Eg har vore der mange gonger før, og det er alltid fullt med folk, men eg har berre reist om sommaren tidlegare. Då me kom fram, var det knapt ei sjel i heile Loshavn, ler Holger Pietsch.

Den første dagen i Lyngsheia var det sterk vind og sludd og snø som fall meir vassrett enn loddrett. Dei filma litt, men fekk melding om betre vêr neste dag.

– Me ville ha med lysninga og soloppgangen om morgonen, så me blei berre verande i heia natt til onsdag etter å ha filma tysdag kveld. Om natta gjaldt det å halda kvarandre vakne så me ikkje gjekk glipp av det me venta på, og morgonen blei akkurat slik me drøymde om. Me fekk ein dag med filming i kvit snø og blå himmel, fortel Jon Ives.

Filminga i Ryfylke har bydd på spektakulære motiv – både i form av natur og andre ting som dukka opp utan å vera planlagde.

Filminga i Ryfylke har bydd på spektakulære motiv – både i form av natur og andre ting som dukka opp utan å vera planlagde. Foto:

Videoen til den eine songen er nærast som ein roadmovie, og fortel ei historie om ein som er uheldig med det meste. På Lauvvik går ferja ifrå han og han blir ståande att i regnet. På veg innover i Ryfylke går bilen tom for bensin og han må gå gjennom sludd og regn. Til slutt kjem han fram til GEA Trafikksenter i Årdal.

– Og det ser ut som ein koseleg plass der han kan varma seg, men så er det ikkje så koseleg. Det er meir..., fortel Jon Ives og tenker seg om.

– Meir Twin Peaks?

– Ja, akkurat. Meir Twin Peaks, smiler han.

Overgangar frå filming av artisten i studio til artisten ute i snøen kan vera tidkrevjande arbeid i redigeringsrommet. – Snø er fantastisk. Her projiserer me filmen frå studio rett på snøen og lagar overgangar ut frå det. Me har også filma Jon Ives som syng medan dronefilm frå Lyngsheia er projisert som bakgrunn direkte på veggen på Sanitas. Då treng me ikkje å klippa han inn i ettertid, forklarer Holger Pietsch.

Overgangar frå filming av artisten i studio til artisten ute i snøen kan vera tidkrevjande arbeid i redigeringsrommet. – Snø er fantastisk. Her projiserer me filmen frå studio rett på snøen og lagar overgangar ut frå det. Me har også filma Jon Ives som syng medan dronefilm frå Lyngsheia er projisert som bakgrunn direkte på veggen på Sanitas. Då treng me ikkje å klippa han inn i ettertid, forklarer Holger Pietsch. Foto:

Albumet han gir ut i mai er hans andre. Han fortel at han starta som gatemusikant, så blei det speling på mindre klubbar, så litt større scenar til han for eit par år sidan gav ut den første plata med musikk han lagar sjølv.

– Er du stor i Tyskland?

– Neei, seier han og dreg litt på det.

– Ikkje ennå, smiler han lurt.

Resultatet av filminga i Ryfylke blir altså tre musikkvideoar og ein «film bakom filmen» som skal brukast til promotering. Alt blir utgitt i mai.

– Då kan folk finna musikkvideoane på Youtube, seier Jon Ives.

Ventetida kan mellom anna brukast til å sjekka «In Fire» frå debutplata i 2015.

Artikkeltags