Klart for den tredje vandrefestivalen i helga

Lysefjorden Vandrefestival har base i kraftbygda Flørli frå fredag til sundag. Her blir det løpetur i fjellet med Lysefjorden Running-general Willy Steinskog, guida klippevandring, performance med Flørli-kunstnar Agnes Btffn, festmiddag i kraftstasjonen, levande musikk i skulepuben, sauesanking og sauehunddemonstrasjon.