Magdalena Lesniewska og Dariusz Michalek legg dei siste hendene på verket før bistroen og motellet Utsikten på Hjelmeland opnar 15. mai. Det er framleis nokre veggar att som skal malast, nokre lamper som skal hengast opp og ein del sommarblomar som skal i jorda når vårvarmen blir meir stabil, men det meste er klart.

Det er mange år sidan sist det var middagsgjester og servering på det som tidlegare heitte Utsikten Kro, og dei nye drivarane merkar at folk er interesserte i korleis det har blitt.

– Det er mange som har hjelpt oss medan me har førebudd oppstarten, og mange spør korleis det har blitt og kva tid me skal opna att. Så me tenkte at me like gjerne kan ha ein open dag med grilling og omvising. Då startar me opp grillen og opnar bistroen som skal vera open i helgene utover våren og sommaren, og folk kan gå rundt og kikka på leilegheita og romma me skal leiga ut, seier Lesniewska og Michalek.

– Me vil også ha litt aktivitetar for barn og laga ein dag for heile familien, legg dei til.

Bistro i helgene – kanskje oftare

Bistroen på Utsikten skal i første omgang vera open i helgene, men om det blir ein sommar med mange turistar, kan det bli aktuelt å utvida opningstidene.

– Me er spente på kva regjeringa seier om smittevern 14. mai, seier Dariusz Michalek som ser føre seg både servering av mat og sal av nesten ferdiglaga mat i bistroen.

– Me vil ha ulike rettar i bistroen og grillen, og gjerne kveldar med eigne tema for maten me serverer, og me skal også ha takeaway. I helgene – særleg på fredagane – vil me også ha ferdig marinert kjøt som folk kan legga på grillen heime eller på hytta, og kanskje boksar med alt du treng til grillen og instruksjonar for korleis du lagar det, fortel han.

Bildeserie

Utsikten Kro blei Motel Utsikten – sjå før- og nå-bilde

Gav ikkje opp draumen

Det er litt over eitt år sidan Strandbuen snakka med dei nye drivarane på Utsikten første gong. Då var Magdalena Lesniewska høggravid og Dariusz Michalek var arbeidsledig på grunn av korona. Draumen stod i fare for å ryka, men dei pussa likevel opp for harde livet og nekta å gi opp.

I september såg ting lysare ut, og dei kjøpte kroa. Sidan den gong har folk venta på at dei skal opna, fortel Michalek.

– Ting har tatt tid. Etter at me kjøpte Utsikten, blei alle romma våre leigde av eit entreprenørfirma som jobbar med utbygginga på Tytlandsvik Aqua. Det gjorde at me hadde sikre inntekter i eit halvt år og kunne pusta ut litt med tanke på økonomien, men det betydde samtidig at me ikkje fekk fullføra all oppussing og opna motellet før nå i vår, seier han.

Men nå er dei klare. Og vesle Maya som var i mor sin mage i fjor vår, fyller eitt år same dagen som motellet opnar.

Mange gode hjelparar

Magdalena Lesniewska og Dariusz Michalek er klare på at dei ikkje hadde kome i mål med alt om dei ikkje hadde fått god hjelp.

– Folk har kome med møblar og interiør og andre ting som dei kanskje trudde me kunne få bruk for. Mykje av det har me brukt som det var, andre ting har me restaurert og renovert. Me er veldig takksame for det, seier Lesniewska.

– Og om folk kjem hit på opninga og går rundt og ser på romma og oppdagar noko dei har kome med, så skal dei få rabatt, legg Michalek smilande til.

Han er også oppteken av samarbeid med andre lokale næringsdrivande.

– Me vil gjerne ha kontakt med folk som kan tilby ulike aktivitetar, og gjerne også folk som har ting det passar å selja her på Utsikten – til dømes jordbær, seier han.

Etterlyser foto frå «gamle dagar»

Dei er også veldig interesserte i å høyra frå dei som har foto frå «gamle Utsikten».

– Me har bilde som viser korleis det såg ut då me starta oppussinga, men då hadde huset hatt utleigeleilegheiter i mange år. Me har ikkje bilde som viser korleis det såg ut då Utsikten var kro og kafé og samlingsplass for snart 20 år sidan, seier Magdalena Lesniewska.

Og Utsikten er verkeleg forandra sidan den gong. Heile huset er pussa opp.

Det er rom til leige i alle tre etasjane.

– Me har ei leilegheit med plass til seks personar, og ti motellrom. Me har prøvd å halda omtrent same stil i alle romma. Me har både rom med eigne bad, og rom som deler bad. Romma er plasserte slik at dei ligg rundt eit fellesareal med salong, spel, kaffimaskin og slike ting, så det passar godt å bu her om fleire par reiser saman, meiner Lesniewska og Michalek.