Mann i 40-åra frå Hjelmeland smitta etter innanlands reise, og auka trykk med folk som skal testast

Hjelmeland kommune melder at ein mann i 40-åra som er busett i Hjelmeland har testa positivt på Covid-19. Kommuneoverlege Bjarte Sørensen merkar også at fleire vil testa seg denne veka, og reknar med minst ei dobling frå 43 testar sist veke.