Gå til sidens hovedinnhold

Mathias (21) skal gje ut EP. Thea Sofie (17) er meir løyndomsfull om 2021-planane

I kveld speler Thea Sofie Vervik Barka og gitarist Mathias Keilegavlen julekonsert i Strand kyrkje på Tau. Det har vore eit år utan så mykje livespeling, så dei er meir enn klare for å gje dei 50 publikummarane ei god oppleving.

For abonnenter

– Me var midt i noko fleirstemte greier då du ringde. Det var derfor me ikkje svarte, seier Keilegavlen over høgtalar.

Det er det visst ikkje så ofte at gitaristen er med og bidrar med, forstår lokalavisa.

– Ikkje sei noko til mamma, ler han.

I byrjinga av november tok gitaristen frå Tau kontakt med songar Thea Sofie Vervik Barka. Dei studerer på kvar sin kant av landet; ho går på Kongshaug Musikkgymnas utanfor Bergen, han går på konservatoriet i Kristiansand.

Dei har spelt saman tidlegare. Sist i Mølleparken på Tau for over eitt år sidan.

Les også

Thea Sofie (17) gjev ut ny singel: – Eg er inne i ein god «flow»

Første gong med eigen konsert

– Me har aldri sett opp ein eigen konsert saman før, så det blir første gong, fortel Barka.

– Det blir kjekt å få spela litt, synest dei begge.

Dei har med seg Ole-Petter Ålgård på tangentar. Han speler dessutan også saman med bandet Finding Neo og studerer musikk saman med Keilegavlen.

– Me speler ei rekke fine julesongar på konserten i kyrkja på Tau, og håper på å skapa litt julestemning, seier Barka.

Det blir bare 50 i publikum, og konserten er utseld. Dei tre ungdommane lurer litt på å setja opp ein ekstrakonsert, men har ikkje landa det ennå.

Thea Sofie Vervik Barka gav ut singel i haust. Som elev på musikkgymnaset har ho fått vore med på ein del konsertar, trass korona.

Les også

Finding Neo gjev ut ny singel

Hemmelege 2021-planar

– Eg har også fått laga mykje musikk, fortel ho.

– Det ventar mykje kjekt på nyåret, legg ho til.

– Kva ventar på nyåret?

– Eg veit ikkje om eg skal røpa så mykje ennå, seier 17-åringen, som blir 18 i romjula.

Lokalavisa si fisking om kva dei spennande planane går ut på er nyttelaus. Keilegavlen er meir meddelsam.

– Me har vore i studio i haust og spelt inn ny EP med fem-seks låtar, som me håper kjem ut i vår ein gong, seier han.

Han kan også fortelja at ein livekonsert Finding Neo hadde i Kristiansand, skal leggast ut på YouTube. Studio Blå filma og tok opp denne konserten.

– Me håper den kjem på nett i februar ein gong, seier Mathias Keilegavlen.

Kommentarer til denne saken