– Me er ikkje i mål med dette. Det er berre nok til å starta nødvendige tiltak

Formannskapet i Hjelmeland løyvde millionen rådmannen bad om til koronatiltak. Då er det så langt sett av 2,7 millionar til koronatiltak i Hjelmeland, pluss 2,3 millionar til kjøp av tenester frå lokale bedrifter. Ingen trudde det var nokon endeleg sum.